Ukjent

Av Per Grötting (2008)

Om kunstverket

Per Grötting, fødd 1950, er busett i Florø og har utdanninga si frå høgskulane i Stavanger, Stord og Notodden. Han har også hatt eit studieopphald ved Århus kunstakademi (1981).
Han var medlem i kunstgruppa PUFU, Notodden i 1976/77, og har undervist i kunstfag i perioden 1977 - 2015.

Grötting har deltatt på ei rekkje utstillingar sidan 1976, og er innkjøpt av Vaksdal kommune, Sunnfjord Medisinske senter og Flora kommune.

Grötting arbeider både figurativt og abstrakt, og eksperimenterer gjerne med materialer og teknikkar. Han brukar hovudsakleg akrylbasert maling, ofte saman med bladgull. (Kilde: http://rivedalgalleri.no/Per-Groetting.aspx)

Relaterte artikler