• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Fuglen, blomsten og båten

Av Steinar Christensen (1979)

Om kunstverket

Fuglen, blomsten og båten

Steinar Christensen. 1979. Stål.

Steinar Christensen (1946) er utdanna ved Vestlandets kunstakademi. Han har vore med på ei rekke gruppeutstillingar, og hatt fleire separatutstillingar i både Norge og utlandet. Han har også fleire utsmykkingar, og er innkjøpt av mellom anna Najonalgalleriet. Christensen arbeider med mange ulike materialer og i ulike format. Alt frå monumentale stålskulpturer til tvetydige stilleben.

Om verket:
Fuglen, blomsten og båten er kalla "flukta til Førde" på folkemunne. Namnet hadde si årsak i den sterke rivaliseringa mellom Florø og Førde i 70- og 80 åra. Kunstverket blei avduka i samband med opninga av Flora samfunnshus 20.januar 1979.

Spørsmål til samtale:
Beskriv verket.
Kva fortelje tittelen på verket oss? Kvifor har den fått eit kallenamn?
Kvifor står skulpturen på ein pidestall? Og korleis påverkar det måten vi ser på skulpturen på?
Kva former er skulpturen sett saman av?

Forslag til praktiske oppgåver:
Prøv å gå rundt skulpturen, sjå den på avstand og nærme, korleis endrar skulpturen seg?
Legg deg ned på ryggen å sjå opp, klarer du å teikne skulpturen opp ned?

Relaterte artikler