• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Fiskarguten

Av Ludvig Eikaas og Inger Tragethon (1996)

Om kunstverket

Ludvig Eikaas og Inger Tragethon. 1996. Smijern.

Ludvig Eikaas (1920-2010) frå Jølster. Utdanna ved Statens handtverk og kunsthøgskule, Kunstakademiet i Oslo og Kunstakademiet i København. Seinare også professor ved Kunstakademiet i Oslo. Eikaas hadde ei stor breidde i val av teknikkar, materiale og motiv. Er innkjøpt av ei rekke store museum nasjonalt og internasjonalt. Sogn og Fjordane kunstmuseum har ei eiga kunstsamling, som er utstilt på Eikaasgalleriet i Ålhus. Galleriet er eigd av Jølster kommune.
Inger Tragethon (1948) frå Geilo. Er sølvsmed, knivkunstnar, musikar og forfatter.
Fiskarguten er modellert av Eikaas, medan Tragethon har utført sjølve smijernsarbeidet. Skulpturen blei avduka 22.juni 1996, ved opninga av det femte Sildebordet i byen.
Om verket:
Fiskarguten er utforma i smijern og får dermed eit lett og nærmast gjennomsiktig uttrykk. Dei grafiske strekane som jernet skaper, danner likevel ein tredimensjonalitet som ein ved visse vinklar gjennkjenner og i andre berre framstår som abstrakte flater.
Fiskarguten er plassert i strandgata, ved den gamle amtskaia og torget. I bakgrunnen ligg ungdomshuset Haffen, men guten har nesa peikande innover i byen. Det er som om han har noko han skal gjere, kanskje forte seg heim for litt middagsmat innimellom slaga?

Spørsmål til samtale:
Beskriv verket.
Kva er materialet i dette verket, og koleis er det annleis enn dei andre skulpturane i sentrum?

Forslag til praktiske oppgåver:
Prøv å gå rundt skulpturen, sjå den på avstand og nærme, korleis endrar skulpturen seg?
Teikne skulpturen frå ulike vinklar? Prøv å teikne med kolstift.

Relaterte artikler