• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Passasjer

Av Solveyg W. Schafferer-Sigerus (2010)

Om kunstverket

Passasjer
Solveyg Schafferer. 2010. Bronse.

Solveyg W. Schafferer-Sigerus (1928) dotter av norsk mor og østerrisk far. Voks opp i Innsbruck og Norge. Er utdanna ve Trondheim Kunstskole og seinare Statens Kunstakademi, under Per Palle Storm. Tok seinare hovudfag i religionshistorie ved Universitetet i Oslo.

Schafferer har ei lang karriere bak seg, med ei rekke separatutstillinger og gruppeutstillinger. Hennar folkekjære og figurative skulpturar er å finne over heile landet. I Florø har vi to skultpurar av Schafferer, Kommunikasjon og Passasjer.

Om verket:
Passasjer blei kjøpt inn av Sparebanken Sogn og Fjordane, etter den suksessfulle skulpturutstillinga som var i byen under byjubileet i 2010. Skulpturen blei valgt ut, av dei 13 skulpturane i utstillinga, gjennom avstemming blant folk flest.
Passasjer er ei dame som sit og ventar. Ho sit slik i fleire norske byer, mellom anna på Frogner i Oslo. Men kven er denne dama? Og kva ventar ho på?

Spørsmål til samtale:
Beskriv verket.
Prøv å forestill deg kven denne dama er? Kor gamal er ho? Er ho der aleine? Kva føler ho?

Forslag til praktiske oppgåver:
Prøv å gå rundt skulpturen, sjå den på avstand og nærme, korleis endrar skulpturen seg?
Prøv å herme etter dama. Prøv å gå og snakke som ho.
Bruk skulpturen til å lære begrep, slik som veske, sko, lue.
Lag ei historie om dama. Teikne ein teikneserie.
Kled deg ut og lag eit rollespel.

Relaterte artikler