Sild i stim

Av Hjalmar Lothe (2013)

Om kunstverket

Sild i stim

Hjalmar Lothe. 2013. Granitt.
Hjalmar Lothe (1947) opprinneleg frå Florø, bur nå i Bygstad. Tidlegare høgskulelektor ved høgskulen i Østfold og medlem av Norsk billedhoggerforening. Deltok mellom anna på jubileumsutstillinga Norsk skulptur i Florø sentrum under byjubileet i 2010 med verket Margareti feri.

Om verket:
Silda blir kalla havets sølv. Og når silda kom ein gong i januar/februar kasta mennene alt dei hadde i hendene og forta seg ut i fjorden for å få silda om bord i båtane sine. På dei beste dagane låg båtane tett i tett i fjorden, og var så tungt lasta at dei berre så vidt var flytande. Då var det om å gjere å forte seg inn til Florø å få lasta av, slik at ein kunne ut å fiske endå meir.
Spørsmål til samtale:
Beskriv verket.
Korleis er silda forma og framheva i skulpturen?
Sjå på husa rundt, kva blei desse brukt til?

Forlag til praktiske oppgåver:
Prøv å gå rundt skultpturen, sjå den på avstand og nærme, korleis endrar skulpturen seg?
Søk på sildestim på internett å sjå på bilete av sildestimar. Korleis er dei forma?

Relaterte artikler