• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Sildeguten

Av Nina Nesje (2010)

Om kunstverket

Sildeguten

Nina Nesje. 2010. Bronse.

Nina Nesje (1963) voks opp i Oslo og bur no på Nøtterøy der ho har verkstad. Ho er medlem av Norsk billedhoggerforening, Norges Bildende Kunstnere og NBK Norges Bildende Kunstnere. Nesje er sjølvlærd. Ho har mellom anna stilt ut saman med Odd Nerdrum i Tønsberg i 2007 og hatt separatutstilling i Oslo Rådhus i 2008.

Nesje arbeider med eit figurativt, naturalistisk uttrykk. Sildeguten er utflyttarane med Vigdis Kittang Ramstad i spissen si gåve til Florø i samband med byjubileet i 2010.

Om verket:
Florø by er tufta på silda, og Sildeguten står med ryggen til hamna der båtane låg tett i tett under det fantastiske sidefisket 50 talet. Då var sildeslang ein fast skikk. Gutane fekk springe om bord å hente sild på ein streng som dei tok med seg heim, eller solgte vidare til dei som røkte silda. (Flora. Kulturhistorisk vegvisar av HJ. Stavang s 47)

Spørsmål til samtale:
Beskriv verket.
Kvifor står han på ein pidestall? Korleis hadde det vore om han stod på bakken?
Korleis trur du livet til sildeguten var i "gamle dagar"?
Snakk om korleis det såg ut i hamna og i byen på 50-talet.

Relaterte artikler