Husmannskona

Av Skule Waksvik (2010)

Om kunstverket

Husmannskona

Skule Waksvik. 2010. Bronse.

Skule Waksvik (1927) er ein av våre mest folkekjære bilethoggarar og i 2007 blei han utnemnd til Ridder av St.Olavs Orden. Etter grunnutdanninga på Kunstskolen i Trondheim studerte han eit år i Paris, før han vart student ved Statens Kunstakademini 1947-49 under Per Palle Storm. Waksvik bur og arbeidet i Oslo før sin død 7.februar, 2018.

Mest kjent er han for skulputrane av dyr og grupper av dyr. Men han laget også figurframstillingar, særleg med kvinner som tema. Waksvik var tilhenger av ein forenkla naturalisme der det ikkje er nødvendig å etterlikne naturen til punkt og prikke så lenge det fungere som skulptur.

I Florø har vi to skulpturar av Waksvik, Husmannskona og Kronhjort som brøler.

Om verket:
Husmannskona er ei figurativ skildring av ei husmannskone. Ho har baby i magen, og unge på slep. Sjølv om ein i første omgang tenker at skulpturen har ein normal storleik, vil ein raskt merke at kona er unormalt stor når ein kjem tett på. Kor er ho på veg? Kor er mannen tru?

Spørsmål til samtale:
Beskriv skulpturen.
Kven er denne kona? Kor er ho på veg?

Forslag til praktiske oppgåver:
Prøv å gå rundt skulpturen, sjå den på avstand og nærme, korleis endrar skulpturen seg?
Prøv å herme etter dama. Prøv å gå og snakke som ho.
Bruk skulpturen til å lære begrep, slik som veske, sko, lue.
Lag ei historie om dama. Teikne ein teikneserie.
Kled deg ut og lag eit rollespel.

Relaterte artikler