Kronhjort som brøler

Av Skule Waksvik (2010)

Om kunstverket

Kronhjort som brøler

Skule Waksvik. 2010. Bronse.

Skule Waksvik (1927) var ein av våre mest folkekjære bilethoggarar og i 2007 blei han utnemnd til Ridder av St.Olavs Orden. Etter grunnutdanninga på Kunstskolen i Trondheim studerte han eit år i Paris, før han vart student ved Statens Kunstakademi i 1947-49 under Per Palle Storm. Waksvik bodde og arbeidet i Oslo før sin død 7.februar, 2018.

Mest kjent er han for skulpturane av dyr og grupper av dyr. Men han lagar også figurframstillingar, særleg med kvinner som tema. Waksvik er tilhenger av ein forenkla naturalisme der det ikkje er nødvendig å etterlikne naturen til punkt og prikke så lenge det fungere som skulptur.

I Florø har vi to skulpturar av Waksvik, Husmannskona og Kronhjort som brøler.

Om verket:
Kronhjort som brøler blei kjøpt inn etter kronerulling med Lilleba Nybø i spissen. Hjorten står mellom trea på ein høgde i byparken og held vakt over byen. Hjorten har etter kvart fått ein viktig plass i Flora, med Norsk Hjortesenter på Svanøy. Rett som det er dukker det også hjort opp i hagane til folk midt i byen.

Skulptursafari spørsmål til samtale:
Beskriv skulpturen.
Kvifor er hjort viktig i Flora?

Forslag til praktiske oppgåver:
Prøv å gå rundt skulpturen, sjå den på avstand og nærme, korleis endrar skulpturen seg?
Lag ei historie eller eventyr, illustrer denne ved å teikne, måle eller lag ein kollage

Se også: https://no.wikipedia.org/wiki/Skule_Waksvik

Relaterte artikler