Troll, vil du sove i armane våre?

Av Elisabeth Steen (1982)

Om kunstverket

Troll, vil du sove i armane våre?

Elisabeth Steen. 1982. Bronse.

Elisabeth Steen (1945) er utdanna ved Statens Kunstakademi med Per Palle Storm som lærar, debuterte på statens høstutstilling i 1973. Har detatt på fleire gruppeutstillingar og har hatt fleire utsmykkingsoppdrag i Sogn og Fjordane.

Om verket:
I Peer Gynt, akt 2, scene 3 er Per forvist frå bygda, han flykter opp på fjellet og der møter han tre sæterjenter. Ibsen beskriver tre sæterjenter som løper over bakkene, skrikende og syngende; "Trond i Valfjeldet! Baard og Kaare! Troldpak! Vil I sove i Armene vore? [... ] Peer Gynt danser i flokken; Hugen sturen og Tanken Kaas. I Øjet Latter; i Halsen Graad! [...] De danser bortover høydene med Peer Gynt mellom seg."

Det er desse tre jentene kunstnaren her har skildra som huldre med hale. Og der er kanskje ikkje så heilt gale tolkning. Ibsen skriv sjølv til Grieg, som skal komponere musikken til stykket, at "djævelskab må der vere deri!"

Skulpturen er figurativ og i følge kunstnaren " i naturleg huldrestorleik". (HJ. Stavang, Flora, kulturhistorisk vegvisar s 145) Dei står med ryggen mot det gamle sjukehuset og roper opp mot Storåsen. Kven er desse troldpakka? Lokkar dei, eller skremmer dei vekk? Kan det vere sjukdom og død, eller leik og moro?

Skulptursafari spørsmål til samtale:
Beskriv skulpturen.
Kven er desse jentene, kven ropar dei på, kva vil dei?
Kvifor har dei hale?

Forslag til praktiske oppgåver:
Prøv å gå rundt skulpturen, sjå den på avstand og nærme, korleis endrar skulpturen seg?
Prøv å herme etter jentene.
Leik stiv heks, nappe hale, eller alle mine barn kom hjem. Gi barna ulike roller når dei leiker. Kva ropar dei? Kva gjer dei?
Lag ei historie eller eventyr, illustrer denne ved å teikne, måle eller lag ein kollage.

Relaterte artikler