Kommunikasjon

Av Solveyg W. Schafferer-Sigerus (1985)

Om kunstverket

Solveyg W. Schafferer-Sigerus. 1985.Bronse.

Solveyg W. Schafferer-Sigerus (1928) dotter av norsk mor og østerrisk far. Voks opp i Innsbruck og Norge. Er utdanna ved Trondheim Kunstskole og seinare Statens Kunstakademi, under Per Palle Storm. Tok seinare hovudfag i religionshistorie ved Universitetet i Oslo.

Schafferer har ei lang karriere bak seg, med ei rekke separatutstillinger og gruppeutstillinger. Hennes folkekjære og figurative skulpturar er å finne over heile landet. I Florø har vi to skultpurar av Schafferer, Kommunikasjon og Passasjer.

Om verket:
Kommunikasjon blei gitt til byen ved byjubileet i 1985 av utflyttarane, med initiativtakarane Vigdis Kittang Ramstad og Leiv Hovden i spissen.
Verket er forma som to byster. Borna smiler og ser ned og har sydvester på hovudet. Dei står på ein stein på rådhusplassen, med hamna i bakgrunnen og Rådhuset og Strandgata framfor seg.

Spørsmål til samtale:
Beskriv verket.
Kven kan dette vere? Korleis har dei levd?
Skulpturen blei gitt til byen av nokon som har flytta frå han, kvifor har dei valgt akkurat denne skulpturen?

Forlag til praktiske oppgåver:
Prøv å gå rundt skultpturen, sjå den på avstand og nærme, korleis endrar skulpturen seg?
Prøv å forme ein figur i leire eller anna materiale.
Finn bilete frå "gamle dagar" og lag ein collage over byen frå 50-talet. (sjå i bøker og søk opp Kystmuseet på www.digitaltmuseum.no )
Ta ein tur på Kystmuseet og sjå på gamle båtar, sildeutstillinga eller andre gjenstandar frå tidlegare tider.

Relaterte artikler