Global

Av Geir S. Hjetland (2010)

Om kunstverket

Geir S. Hjetland (1955) frå Høyanger, er busett på Kvamsøy ved Balestrand. Hjetland arbeider med skulptur i ulike materiale og søkjer løysingar i grenselandet mellom det kemaniske og det organiske. Han er utdanna ved Bergen Kunsthåndverksskole og Vestlandets kunstakademi i 1986.
Han har utført fleire utsmykkingsoppdrag, og er innkjøpt av mellom anna Sogn og Fjordane kunstmuseum. I 2008 vann han konkurransen om Tell Teigen - monumentet i Høyanger. Hjetland har også laga installasjonen Desibel i Vevring.
Om verket:
Skulpturen er laga av gammalt hardangerbestikk og visualiserer begrepet global. Verket er plassert på ei lita høgde ved innkjøringa til byen. Når du kjem kjørande ser du store institusjonar som Sunnfjord medisinske senter og Flora samfunnshus.

Skulptursafari spørsmål til samtale:
Beskriv verket.
Er verket abstrakt, eller figurativt og gjennkjenneleg?
På kva måte visualiserer skulpturen begrepet gobal?
Kva symbol ligg i bruken av hardangerbestikk?
Kvifor er verket plassert slik?

Forslag til praktiske oppgåver:
Prøv å gå rundt skulpturen, sjå den på avstand og nærme, korleis endrar skulpturen seg?
Teikne forma. Er det ein sirkel eller?
Gjenskap skulpturen i eit anna materiale, td aleminiumsfolie.
La ein skulptur av stoff frå gamle klede som ikkje blir brukt lenger. Korleis ville Global sett ut i blått dongeristoff? (Sjå Hanne Friis: Nyanser i blått og svart, 2014)

Relaterte artikler